Kaffi & KringleKaffi & Kringle

Kaffi & kringle med Karen og Linn Theres Nekkøy

View descriptionShare
 

Kaffi & Kringle

I denne podkasten serverer Karen kaffi & kringle til spennande og handplukka gjestar. Men det er ikkje det einaste som blir servert. Her får du gode h 
16 clip(s)
Loading playlist

Linn er omtrent oppvaksen på eit skjær. Ho gjekk å traska i fjøra medan ho gjekk i bleie, og har hatt mange år ombord som fiskar. Dagens gjest har nok litt fisk i blodet. Ho seier sjølv at det er tilfeldig at ho jobba så mykje med havnæringa, men det er eg usikker på.

Kaffi og kringle blei sjølvsagt servert medan vi fekk høyre meir om Linn si spennande karriere. Ho er eit smilande ja-menneske, og har uredd tatt utfordringane som har dukka opp undervegs. Korleis livet gjekk frå vesle Søre Nekkøya til New York for eksempel – og heim igjen og ut på sjøen. Samstundes som ho jobbar, held ho også på med ein master. Ho har ikkje mindre enn to bachelor-grader i sekken, som ho tok utan å vere fulltidsstudent. No har ho tatt over roret som dagleg leiar i Aksello. Karen lurer på om Linn har fleire timar i døgnet, og kva som er hemmelegheita til kapasiteten.

I tillegg er Linn(mest sannsynleg) den mest bereiste nekkøyingen i verda, og saman med den(mest sannsynleg) mest bereiste norddalsfjordingen. Saman tar dei utradisjonelle reisemål, og dei var nyleg i Oman. Dette måtte vi sjølvsagt snakke meir om. Episoden tar også for seg kvifor Linn hater å tape og kvifor det var bra at ho slutta å pendle.

  • Facebook
  • X (Twitter)
  • WhatsApp
  • Email
  • Download

In 1 playlist(s)

Kaffi & Kringle

I denne podkasten serverer Karen kaffi & kringle til spennande og handplukka gjestar. Men det er ikk 
Social links
Follow podcast
Recent clips
Browse 16 clip(s)