Kaffi & KringleKaffi & Kringle

Kaffi & kringle med Karen og Martin Krakhellen

View descriptionShare
 

I sesongens – og årets siste kaffi og kringleservering får Karen besøk av Martin Krakhellen i studio. Han har nyleg vore gjennom ein heftig periode som rekrutt i Kompani Lauritzen. I beste sendetid på TV2 har han vist sine sterke og svake sider.

Vi måtte sjølvsagt høyre meir om denne opplevinga. Kva var det som gjorde at han følte seg litt fastlåst i livet og melde seg på? Kor mange gongar gjennom opphaldet vurderte han å dimme – og korleis har livet endra seg i etterkant? Kva var det beste, og kva var det verste dei måtte gjennom? Martin fortel open og ærleg om korleis det var å vise ei meir sårbar side av seg sjølv på TV, og korleis han overvant høgdeskrekken på Bømoen.

Martin var heilt rå på tv-skjermen, og vi måtte snakke litt om tilbakemeldingane han har fått i ettertid. Kva blir det neste reality-prosjektet for Florømannen? Då vi spelte inn episoden nærma det seg jul, og vi måtte sjølvsagt prate om tradisjonane heime hos han.

I denne episoden blir vi betre kjent med ein svært reflektert Martin, og vi får blant anna høyre om kva planar han har for livet framover.

  • Facebook
  • X (Twitter)
  • WhatsApp
  • Email
  • Download

In 1 playlist(s)

Kaffi & Kringle

I denne podkasten serverer Karen kaffi & kringle til spennande og handplukka gjestar. Men det er ikk 
Social links
Follow podcast
Recent clips
Browse 16 clip(s)