

Episode 12 - «Tillit til det motsette er bevist»
Ordføraren frå Sp og varaordføraren frå Ap jobbar tett saman i den vanskelegaste saka på Voss dei siste åra. Tonje Såkvitne og Benedicte Kragh kjem i studio og snakkar om dei krevjande møta, oreigning og moglege nye forhandlingar med grunneigaren på Bømoen.

Episode 11 - Den omstridde frontfiguren
Andreas Håland Hemli har som dagleg leiar i Voss fallskjermklubb stått ufiltrert i kampen for tilværet på Bømoen. Han og styret i klubben hevdar Bømoen AS boikottar han, og fortel om eit sjokkerande advokatmøte.

Episode 10 - Anna rettar kraftig kritikk mot partiet
Anna Lussand Selheim melde seg ut av Senterpartiet etter maratonhandsaminga av den minnelege Bømo-avtalen i desember. No går ho hardt ut mot partileiinga og tidlegare stortingsrepresentant Nils T. Bjørke si rolle bak kulissane. Bjørke og ordførar Tonje Ljones Såkvitne kjem også i studio for å svara…

Episode 9 - Maratonmøte og vegen vidare
Etter intense forhandlingar vart ein minneleg avtale mellom Voss herad og Bømoen AS lagt fram for politikarane rett før jol. Eit sju timar langt heradsstyremøte enda likevel med utsetjing av saka. Ordførar Tonje L. Såkvitne snakkar her om dramatikken i desember og vegen vidare. SV-politikar Margret…

Episode 8 - Skjebnetid for fallskjermklubben
Den største konflikten på Bømoen har utan tvil vore mellom grunneigar Bømoen AS og Noregs største idrettslag av sitt slag, nemleg Voss fallskjermklubb. Dagleg leiar Andreas Hemli Håland og styreleiar Per Magne Kristiansen fortel om den særs spente situasjonen dei står i om dagen. Har klubben ei fra…

Episode 7 - Frå moglegheitsstudie til 1000 bustadar
Ein moglegheitsstudie frå 2011, som vart laga som eit samarbeid mellom Voss kommune og Forsvarsbygg, viste korleis Bømoen kunne utnyttast i framtida. Studien låg også til grunn for det kontroversielle og mykje omtalte planforslaget med 1000 bueiningar i Bømoen. Fleire har teke til ordet for at den …

Episode 6 - Ekstremsportveko og kampen for framtida
Ekstremsportveko har halde pusten medan utsiktene for vidare drivstoffleveranse på Bømoen har vore i det blå. Denne veka vedtok politikarane endeleg ei mellombels løysing, som redda luftsport under årets festival. Dagleg leiar Tord Bakke Arvesen og hans forgjengar Kjetil Kriken tek turen i podkasts…

Episode 5 - Den krevjande saka
Langdryg, krevjande, konfliktfylt. Tre ord som på mange måtar kan oppsummera Bømosaka. I denne episoden fortel ei rekkje politikarar om korleis det har vore å forhalda seg til Bømoen som folkevald både før og no, refleksjonar kring deira eigne forhold til området og vegen vidare i saka.

Episode 4 - Slaget i heradsstyresalen
I juni 2024 kjem områdereguleringsplanen for Bømoen endeleg opp til politisk handsaming. Det vart dramatisk, særleg i formannskapet der handsaminga av Bømplanen inneheldt «alt». Her fortel sentrale, politiske aktørar om det som skjedde bak kulissane då området vart regulert.

Episode 3 - Engasjement, aksjon og mobilisering
Det store folkeengasjementet har verkelg prega Bømosaka, og særleg dei siste åra har vossingane mobilisert for det naturskjøne området. Det heile kulminerte i ein større aksjon utanfor Tinghusplassen då politikarane skulle behandla områdereguleringsplanen for Bømoen i juni 2024. Jan Fredrik Fleisch…