



Ordføraren
Stor arbeidskapasitet, opptatt av folk og rasjonell. Slik skildrar Jenny Følling seg sjølv. Men kven er dama bak ordførarklubba? Det får du svaret på i sesongens siste episode.

Kommunikasjonsdirektøren
Johanne Viken Sandnes er ikkje redd for å seie ifrå når irritasjonen melder seg. Men eigenskapen ho verdset høgst her i livet, er å vere snill. Sandnes slepp oss inn i både karrieren og privatlivet i denne episoden av Den dama.

Å miste eit ufødt barn
Går det an å førebu seg på det utenkelege? I mars 2023 opplevde Karine Hatlem Rønneseth og mannen at babyen dei venta døydde i mors liv. I denne episoden fortel ho ærleg om korleis familien takla tapet, og korleis livet må gå vidare.

Toppidrettsutøvaren
Karoline Holsen Kyte har etablert seg som eit av dei største idrettstalenta i Førde. Men trening har ikkje alltid vore noko 31-åringen har vore oppteken av. Først då ho melde seg på eit forskningsprosjekt, losna det for alvor: – Framgangen var sinssjuk, minnest ho.

Fødselskaden som endra livet
Då Monica Kjerstad Nilsen kom heim med sitt tredje barn, var lykka stor. Men etter kvart kjende ho at kroppen ikkje hadde det bra. Det vart starten på ein lang kamp for å få hjelp, men også ein døropnar for sjølvutvikling.

Multitalentet
Caroline Helle frå Naustdal går aldri sakte, verken på jobb eller privat. Ho må alltid ha mange ballar i lufta. I denne episoden fortel ho ope om oppveksten, den store kjærleiken, barneoppdraging og sjølvsagt; husbygginga «alle» snakka om.

Den ærlege popprinsessa
Du har garantert høyrt stemma hennar på radio, eller sett ho på julekonsert. 23-årige Gunn Marit Kvaale syng ærleg om kjærleikssorg og utruskap utan å sjå seg tilbake. For ho er det heilt naturleg å dele det mange ikkje torer å snakke om.

Radiostjerna
Arianrhod Engebø satsa alt for jobb i P3 og klarte det. I dag er ho eit kjent namn i radio- og TV-bransjen og har leia fleire store produksjonar for NRK. Men sjølv om det kan vere mykje glitter og glam på jobb, er den private Arian langt meir avslappa.

Episode 13: Det beste frå sesong 1
Alt godt har ein ende. Første sesong av Den dama er over, og no startar vi planlegginga av neste. I denne episoden får du eit gjenhøyr frå nokre av episodane som har vore.

Episode 12: Live frå Nynorskhuset
Fire kvinner om kvinner, rettar og samfunnet. Gjestar er: Gunn Merete Paulsen, Ingeborg Paulsen Hamre, Margunn Indrebø Alshaikh og Siri Kristina Iversen. Episoden er spelt inn med publikum 8. mars 2024 i Nynorskhuset i samarbeid med Sunnfjord U40 og Teater Vestland.